Opnar to fjellovergangar

Sognefjellet opnar torsdag og Gaularfjellet fredag.

Publisert 29.04.2015 kl. 16.23. Oppdatert kl. 16.24.

– 1. mai er datoen me har nytta i opninga av Sognefjellsvegen, i år opnar me ein dag tidlegare, seier Per Ove Fossheim – prosjektleiar i Statens vegvesen.

For å vera aldeles presis: Høgfjellsvegen mellom Fortun og Lom opnar torsdag klokka 12. Fjellet vil bli nattestengt frå kl. 20.00 til kl. 08.00.

Normalt med snø

– Brukarane av vegsambandet må bruka vinterdekk grunna parti med issole. Og vinteren har ikkje gitt seg heilt i høgfjellet, seinast no i morgontimane var det snøfall på austsida av fjellet, sa Fossheim i dag føremiddag.

– I 12-tida i går stod det att litt breiddeutviding av vegbana, men vegen skal etter planen vera klar for opning.

Mesta i Oppland og Mesta Midtre Sogn hadde grei jobb med å vinteropninga og snøforholda blir vurdert som litt over normalen.

Fossheim ber publikum følgja med på vegmeldingane framover.

– Sognefjellsvegen kan bli stengt i periodar dersom vêret hardnar til, seier prosjektleiaren.

Dobbelt

Gaularfjellet opnar i fredag klokka 08.

– Me har diskutert med geolog og går for opning 1. mai, seier Fossheim.

– Det blir snakka om mykje snø på dette sambandet?

– Veldig mykje. Fleire stader er det dobbelt så mykje snø som i eit normalår.

Nattefrost og forholdsvis låge dagtemperaturar gir utsikter til klar bane til over helga.

– Meldingane varslar meir sol og temperaturauke, difor må ein over helga rekna med stenging av Gaularfjellsvegen i kortare eller lengre periodar, med all den snøen som skal ned mot vegbana, seier Per Ove Fossheim.