Ny sjef, same smak

Gudny Alme overlèt styringa av Lustrabui til dottera Eva. Men det blir neppe andre bollar av den grunn.

Publisert 28.04.2015 kl. 17.13.

– Eg vil driva i same retning som før, seier Eva Nyløy om bakeriet i Luster som også har utsal i Sogndal.

Bakeridraum

Gudny Alme starta Lustrabui saman med systera Tordis for sju år sidan.

– Me tenkte bakeriet ville vera eit hobbyprosjekt for oss systrene. No har me fem-seks tilsette og omsetnad på fem-seks millionar, seier Alme.

Lustrabui fekk avdeling i Sogndal for snart halvtanna år sidan. Det angrar dei ikkje på. Studentar og sogndølene har sett pris på både grovbrød og kanelsnurrar.

– Kafeen gjer at me kan baka heile året og finansierer heilårsdrift, seier Alme.

Lustrabui sel også bakevarene på butikkar i nærområde og på enkelte arrangement, held kurs og lærer opp elevar på restaurant og matfag.

Familieverksemd

Eva Nyløy, dotter til Gudny, har også vore med frå starten. No har ho teke over som dagleg leiar, men både mor og tante er med vidare. Trass i at både ho og søstra var godt vaksne då dei starta opp, vil dei begge vera aktive i verksemda framover.

– Me har fått positive tilbakemeldingar og truleg treft ein marknad. Me har også fått ein ny småbarnsfamilie til Luster, bakarane våre, seier Alme.

Begge stadfester at å starta opp verksemd er ein lang læringsprosess.

– Det er mykje papirarbeid, e-postar å svara på og skjema, smiler Alme, som kan konstatera at etter nokre år med underskot, har verksemda no overskot.

I guidebok

Baksten deira har blitt kjent langt utanfor Sogn, trass i at Alme meiner fleire tenkte at systrene ikkje visste sitt eige beste.

– Me visste ikkje kva me gjekk til, men har lært undervegs.

Lustrabui er omtalt i ei fransk guidebok og dei har fått høyra at «slike brød har me ikkje i Oslo».

– I haust kom det faktisk ein mann på motorsykkel frå Trondheim for å handla brød. Han hadde vore innom før, no tok han seg ein dagstur, seier Gudny.

På bakstefronten vil Nyløy halda fram i same retning som mor og tante. Onsdag vil dei likevel testa ut nye produkt på kundane i ei markering på kafeen i Sogndal.

– Me vil halda fram med å nytta naturlege råstoff, ikkje konserveringsmiddel, lite gjær og lite salt, seier dei.

– Spør andre

Systrene gjekk i si tid på kurs hjå Morten Schakenda ved bakeriet i Lom for å læra seg bakekunsten. Alme rår andre som har ein gründertanke til gjæring til å oppsøkja andre som jobbar i same bransje.

– Oppsøk gjerne andre som held på med litt av det same. Det er lurt å skaffa seg eit nettverk, folk flest er positive og ynskjer å hjelpa.


Les meir om: Siste Nytt Nyhende Luster