Målrik seriestart

Balestrand og Bjørn serverte angrepsfotball.

Publisert 27.04.2015 kl. 20.03. Oppdatert kl. 21.30.

Balestrand tok i mot Bjørn på Kreklingen stadion til sesongens første seriekamp i 5. divisjon måndag kveld.

Fleire snuoperasjonar

Bjørn kom best ut av startblokkene og leia 2-0 etter 38 minutt spel. Men Balestrand snudde kampen og gjekk opp til 3-2-leiing i det 67. minutt.

Gjestene gav ikkje opp og viste moral og styrke då dei på slutten snudde kampen att og vann 4-3.

Målscorarar

Balestrand sine mål scora Marius Aarseth, James Nundu og Håvard Slåtten.

Bjørn sine fire mål vart sett inn av: Jarle Nes, Frode Kvalsøren, Tore Madsen og Jonas Elle.

Smell

I ein anna kamp måndag kveld rauk Sogndal 2 på heimebane mot Bergsøy. i 3. divisjonskampen vann bortelaget 3-1. Målet til Sogndal sine nest beste vart scora av Mathias Flo.