Unge sjefar på Breheimsenteret

Jostedølene Johanne og Gaute tek over styringa.

Publisert 27.04.2015 kl. 09.36. Oppdatert kl. 09.40.

– Me har begge hatt sommarjobb her i ei årrekkje, så me kjenner Breheimsenteret ut og inn, seier Gaute Grov (23) og Johanne Grov (26), som er i innspurten framfor opninga 1. mai.

Gaute måtte også steppe inn som driftsleiar i fjor, men det er først denne sesongen han har fått oppdraget å vera sjef heilt på skikkeleg fram til ny dagleg leiar er på plass 1.august.

Medan Gaute skal administrera resepsjon, utstillingar og turar, skal Johanne vera sjef for kjøken og kafeavdelinga.

– Og så har me han Peder som støttespelar om det er noko me lurer på, seier dei og er glade for at Peder Kjærvik framleis er ein ressurs for Breheimsenteret.

Les meir i papiravisa måndag.