No skal NRWY rocka meir

Ny plate frå sogningar.

Publisert 25.04.2015 kl. 15.14. Oppdatert kl. 15.51.

I kveld går Erik Grov frå Jostedalen og Per Christian Grov frå Borgund i bandet NRWY på scena i Oslo med heilt nytt materiale. Deira mest rocka så langt.

Søskenbarn

NRWY består av syskenborna Erik og Per Christian Grov på henholdsvis vokal og gitar, samt Førde-jenta Lill Katrin Bødal på keyboard og vokal.

I tillegg spelar Jonatan Uranes frå Stranda bass og Sjur Vidar Lilleås frå Hadeland på trommer.

Pop først, så rock

Grov-musikarane spelte i lag i The Generous Days, eit band som var meir i popsjangeren. I NRWY rockar dei altså litt meir.

– Me heldt på med The Generous Days frå 2006 fram til 2010 som var eit reint popband. NRWY starta litt i americkanar­gata i stil med Wilco og The Jayhawks, mens no er det heilt og fullt i rockesporet i stil med Queens Of The Stone Age, fortel dei.

Jambasert rock

Inspirasjonen er henta heilt frå 70-talet, der den jambaserte rockemusikken dukka opp. Dei har ikkje ein heilt spesiell bås å setja det i, men dei forsøkjer seg på ein karakteristikk.

– Rockarar vil nok karakterisera dette som pop, mens i øyrene til pop-publikummet er me nok meir eit rockeband, seier Erik før han legg til ein viktig informasjon.

– Men me er ikkje veldig sinte i musikken vår, altså.

Les meir om NRWY og musikken deira i laurdagsavisa, på papir eller elektronisk.

 


Les meir om: Siste Nytt Luster