Over 100 har tippa

Snødungen har sytt for mobilisering.

Publisert 24.04.2015 kl. 20.45. Oppdatert kl. 20.48.

Jostedølene sin først interne tippekonkurranse om når ein snødunge ved Jostedal Industrier ville smelta, har engasjert langt utover både Jostedalen og Sogn.

Då fristen for å tippa kor tid snødungen smeltar vekk gjekk ut fredag, kunne kommunikasjonsansvarleg for snødungen, Marit Aakre Tennø, konstatera over hundre stemmer.

– Dette er særdeles bra, sett i Jostedalen sin målestokk så er dette 25 prosent av innbyggjarane som har engasjert seg, seier Aakre Tennø.

Frå Hawaii

Fagsjef i konkurransen er tindevegleiar Jostein Aasen. Han fortel at ein merkar godt den aukande merksemda kring konkurransen etter at Sogn Avis først skreiv om den torsdag.

– Ja dette er heilt vilt. Me har faktisk fått inn meldingar heilt frå Hawaii frå folk som engasjerar og tippar på når snødungen har smelta heilt vekk. I tillegg har avdelinga for is, bre og snø hjå NVE, engasjert seg kraftig. Det er blitt ein prestisjekonkurranse hjå mange av dei mest kompetente på snø i landet, hevdar Aasen.

Nyttar fagkunnskapen

I det legg Aasen at både snømodelleringar og månadsvarsel er teke i bruk som sannsynlegheitsberegning.

Når snødungen ved Jostedal Industrier faktisk er vekke, er umuleg å seia. For at ein skal unngå juks har det kome fram forslag om overvaking av snødungen.

– Det er vurdert om ein skal få montert webkamera og ei streamingløysing på nettet, slik at folk kan følgja med, men me må sjå det an. Her i Jostedalen er folk stort sett til å lita på, så me reknar med at alle let naturens gang styra nedsmeltinga utan menneskeleg påverknad, seier Aasen.


Les meir om: Siste Nytt Nyhende Luster