Blei heidra etter sterk sesong

Tre sogningar klatra opp på sigerspallen i samandraget for årets telemarkssesong.

Publisert 23.04.2015 kl. 15.05. Oppdatert kl. 15.26.

I juniorklassen for gutar enda systrendingen Øyvind Vagstad på tredjeplass i samandraget, etter ein god sesong med mellom anna NM-gull, fleire noregscupsigrar og deltaking i verdscupen for seniorlandslaget.

– Øyvind har kjempa i toppen i denne svært gode klassen frå starten av sesongen, og to andreplassar i avslutningsrenna førre helg tryggja plassen på pallen samanlagt. Det er marginar og eit renn mindre som gjer at han ikkje gjekk heilt til topps, seier trenar Egil Johannes Vangsnes.

Sterke jenter

I juniorklassen for jenter vann Gunnhild Sofie Vangsnes begge avslutningsrenna på Hafslo og Leikanger, og klatra med det til andreplass i samandraget.

– Dette var svært oppmuntrande og ei perfekt avslutning på sesongen, seier Vangsnes, som også fekk sjå Sarah Fiskaa Haugen avslutta med ein opptur etter ein sesong prega av fleire skadeavbrekk etter stygge fall.

Gaupne-jenta enda på tredjeplass i noregscupen for seniorar, etter siger og andreplass i dei to siste renna.

– Ho har kjempa seg tilbake etter å ha hatt full fokus på treningar, teknisk og mentalt, og med stor motivasjon og skiglede fått alt til å sitja. Med denne avslutninga viser ho at ho er heilt på høgde med landslagsløparane. Det gir ein tryggleik og inspirerer ekstra når ho snart skal ta til på ein ny sesong, seier Vangsnes.

Fleire talent

Vagstad, Vangsnes og Fiskaa Haugen er dei tre fremste i sognemiljøet i telemark per dags dato, men bak er det fleire på veg fram.

Syrils Einar Henjum Halsnes har ein god vinter bak seg med mellom anna bronse i NM i fjelltelemark og avslutta sesongen med fjerdeplass laurdag, medan lustringen Ole Andreas Stegegjerdet er ein mann trenar Vangsnes ventar seg mykje av vidare.

– Med dei basisferdigheitene og viljen han har til å køyra fort, kan han hevda seg godt framover, seier han.

Lys framtid

Dermed ser Vangsnes ingen grunn til at sogningane ikkje skal kunne hevda seg høgt på resultatlistene også i åra som kjem.

– Det er klart telemarksmiljøet i Sogn er stolte over å ha slike representantar i noregscupen og på andre renn. Dei hevdar seg svært godt og viser alltid positivitet og skiglede av fremste sort. Og under gror det godt 15/16-årsklassen, slik at sogningane vil vera med å dominera juniorklassen i åra som kjem. Det er opp til løparane sjølv, seier Vangsnes, og legg til:

– Med dei flotte treningsforholda som er på eit svært samarbeidsvillig Sogn Skisenter, og den kompetansen telemarksgruppa med åra har opparbeidd, ligg alt til rette for vidare utvikling.