Dette er den store snakkisen i Jostedalen

Alle vil vera med og tippa når den store snøhaugen ved Jostedal industrier smeltar.

Publisert 23.04.2015 kl. 13.28. Oppdatert kl. 14.59.

– Det finst ein stor snøhaug utanfor Industrien i Jostedalen. Kurt Brun og Frode Svori hadde ideen om at me kunne tippa på når han forsvinn. Eg la ut eit bilete på Facebook, og etter det har det stort sett plinga i telefonen min med melding frå folk som vil tippa, fortel Marit Aakre Tennø.

Frist fredag

Biletet vart lagt ut måndag. I eitt-tida torsdag var det kome inn 56 tippingar i konkurransen – i ei bygd med 400 innbyggjarar. Det vil koma inn fleire.

– Nokre har sagt at dei vil venta til i morgon, og nokre har ikkje fått sett på haugen enno, fortel Tennø.

Fristen for å tippa er sett til klokka 12.30 fredag.

– Me har lunsj her på Jostedal industrier klokka 12, og då kan me følgja innspurten, seier Tennø.

Biletet av snøhaugen vart lagt ut på facebooksida «Jostedalen saker, ting og skyss».

– Me har eit ark med datoar der me skriv inn dei som tippar, seier Tennø, og opplyser at folk har tippa ein dato, nokre også eit klokkeslett. Folk som ikkje bur i bygda, er også velkomne til å tippa.

Heider og ære

Den offisielle tippekonkurransen involverer verken pengeinnsats eller premiar.

– Det er berre heider og ære i premie. Det kan henda det går føre seg lumske ting rundt omkring som involverer pengar, men arket vårt er det gratis å skriva seg på, seier Tennø.

Ho fortel at det ikkje er første året dei tippar på snøsmelting, men at det tidlegare berre har vore internt i lunsjen på jobb.

Snøsmeltetippar og tindevegleiar Jostein Aasen opplyser at dei har utfordra ordførar Ivar Kvalen til å tippa.

– Me har også fått inn eksperttips frå NVE, fortel Aasen. Han sit til dagleg med snøskredvarslinga i området, og opplyser at denne eksperten rett nok er han sjølv.

– Eg har òg utfordra ein meteorolog frå NVE og ein geolog frå vegvesenet, fortel han.

Det skal altså ikkje stå på den faglege kompetansen i konkurransen.

– Snø engasjerer

Snøhaugen er år er større enn nokon gong, både fordi vegen dei to siste åra har vorte brøytt på ein annan måte enn tidlegare og fordi årets vinter har vore særleg snørik.

– Det er ingenting som engasjerer så mykje i Jostedalen som ting som har med snø å gjera, slår Marit Aakre Tennø fast.


Les meir om: Siste Nytt Luster