Her blir det fart om eitt år

Ordførar Ivar Kvalen i Luster trur den første aktiviteten på den planlagde crossbana kan skje alt i løpet av neste år.

Publisert 21.04.2015 kl. 20.57.

Motocrossbana er tenkt plassert på elvegranden framom Leirmo, nærare bestemt Leirmoøygard. Eit 157 dekar stort område er sett av til føremålet.

Stor interesse

– Det er stor interesse for prosjektet, både blant ungdom og vaksne, seier Kvalen som trur oppstart av reguleringa kan skje alt til sommaren. Målet er å starta opparbeidinga i 2016. Det trur han ein skal klara.

– Det er viktig å starta prosessen i rett ende, seier ordføraren. Først må ein få tilgang til arealet, så må det søkjast om spelemidlar og anleggsgodkjenning.

Fekk lovord

Kvalen trur ein alt neste sommar kan starta terrengkøyring på ein del av området, medan sjølve bana og anlegget ikkje vil stå klart før i 2017.

– Eg tykkjer me har kome veldig langt allereie, seier Kvalen, som gler seg over tilbakemeldinga frå Norsk Motorsportforbund etter at organisasjonen hadde synfart området.

– Forbundet meiner bana har ein ideell plassering og eit mest ubegrensa potensial, seier Kvalen.

 

 


Les meir om: Siste Nytt Nyhende Luster