La flatt rekkverket

Mistenkt for promille.

Publisert 19.04.2015 kl. 16.36. Oppdatert kl. 17.11.

Ein mann i 40-åra er mistenkt for køyring i rusa tilstand i Luster.

Det var om lag klokka 15 i dag at mannen vart pågripen på staden, etter at han hadde køyrd inn i og lagt flatt fleire meter med rekkverk ved legekontoret i Gaupne.

– Det var også ein del materielle skader på bilen, seier operasjonsleiar Odd Arve Solvåg.

Politiet har teke mannen med til blodprøve og det er oppretta sak.


Les meir om: Siste Nytt Nyhende Luster