To jervar avliva fredag

Det vart teke ut to jervar i fjellet fredag.

Publisert 17.04.2015 kl. 14.44. Oppdatert kl. 00.17.

Ein ved Fåbergstølsgrandane i Luster og ein i Hjelledalen i Årdal.

– Fåbergstølen er ein stad der me har registert jerveaktivitet også tidlegare i vinter, så me hadde håp om å finna jerv der, seier Rein-Arne Golf, regionansvarleg for rovvilt i SNO.

Jerven vart bedøvd frå helikopter, slik at dei fekk sjekka at det ikkje var ei tispe med ungar. Dette er den første jerven som er felt i regionen i år.

– Det vart nytta tilsvarande metode på jerven som vart teken ut i Hjelledalen i Årdal, seier Golf.

Sporsnø

Jakta på jerven starta torsdag ettemiddag etter at det kom snø tidlegare denne veka.

– Me er avhengige av at det er sporsettingsforhold. Det har snødd denne veka, men det har vore noko vind, så det er litt hardt, men me klarer å finna spor enkelte plassar, fortel Golf.

Leitinga etter jerv går no føre seg i Lærdal, Årdal, Luster og i Stryn. Leitinga vil halda fram utover fredagen.

– I dag er det sol og snøen smeltar, då vert det hardt til natta og vanskelegare forhold, seier Golf.

Kan fella to

Han opplyser at dei har fortløpande kontakt med Miljødirektoratet om kor mange jervar dei kan fella.

– På papiret er det to, men det er avhengig av kva me registrerer når me driv på denne dagen, seier han.

Seint fredag kveld opplyser Golf til sognavis. no at dei har felt to jerver i løpet av dagen.

 

 

 


Les meir om: Siste Nytt Luster