Åtvarer mot robust-tyranniet

Arne Johannessen med krass kritikk mot regjeringspartia under Ap-landsmøte.

Publisert 16.04.2015 kl. 22.05. Oppdatert kl. 22.07.

I innlegget på landsmøtet torsdag framheva Ap-leiaren i Luster kvalitetane Sogn og Fjordane har.

– Fylket scorar svært høgt på alle barometer om måleparameter det er bra å ligga høgt på. Det er mange små einingar som leverer høg kvalitet. Men dei lever ikkje opp til robustheitstyranniet som går som ein blå-blå tornado over landet og rammar særleg hardt fylke som vårt. Det er registrert rundt 19 saker, utgreiingar og prosessar som kan ramma fylket negativt, sa Johannessen.

Sentralisering

Den mangeårige leiaren av Politiets Fellesforbund var særleg oppteken av utfordringar knytt til politiet.

– Regjeringa sin politireform som dei prøver å selja som ein nærpolitireform er ein gedigen sentraliseringsreform av brann og politi. Ein vil bryta opp velfungerande beredskapsmiljø som i Florø, der ein har operasjonssentral for politi og brann samlokalsiert i eit nytt, moderne og funksjonelt bygg, sa han frå talarstolen.

– Politi med våpen på hofta

Ap må syna eit klart alternativ til dei blå-blå sitt blålyspoliti på hjul fortalde han forsamlinga.

– Eit aksjonspoliti utan forankring i lokalsamfunnet med våpen på hofta. Ap må dyrka nærpoliti med ein fylkesorganisering o lensmannskontor i dei aller fleste kommunar som har ressursar til å driva førebyggjande arbeid, god kvalitet på etterforsking med regional spisskompetanse og gode vaktordningar med akseptabel responstid.


Les meir om: Siste Nytt Nyhende Luster

Siste saker Gå til framsida