Opne skianlegg i april

Snøfallet denne veka er ein bonus for skianlegga i Sogn.

Publisert 16.04.2015 kl. 18.50. Oppdatert kl. 18.58.

Det er endå drift hjå begge dei store skisentera i Indre Sogn. Ekstra påfyll siste dagane gjer ikkje forholda i bakken akkurat dårlegare.

Siste helg

– Hjå oss er det sjølvsagt kjærkome med ekstra påfyll i april månad. Ekstra godt er det sidan me er med og arrangerer årets siste NM-runde i telemark. Så litt stas er det når me kan tilby tilreisande nysnø, i siste opningshelga, seier styreleiar ved Sogn skisenter Øystein Veum.

Ny heis med gode tal

Ein kjempesesong fylt med mykje snø og ny skiheis, der tala heller ikkje er så verst ifølgje Veum.

– Me var spente framfor sesongen, grunna ei relativt stor utbygging med den nye Sognaheisen. Eg vil ikkje kommentera tal, anna enn at me ligg 15 prosent over førre toppnotering, noko som er særs gle-deleg.

Rykta skapar vinst

Mykje av skulda ligg nok i fantastiske forhold tidleg i sesongen.

– Den nye heisen selde seg sjølv inn, då den opna opp for eit 60 prosent større areal. Nokre av dei første som tok denne i bruk er blant landets mest profilerte frikøyrarar. Med dei fantastiske tilbakemeldingane frå dei, spreidde rykte seg fort i skimiljøet. Me kan notere på cv-en at når forholda er til stades, så er me på topp tre i landet når det gjeld laussnøkøyring. Dette er ord frå dei mest profilerte karane, ikkje våre eigne, konstaterar Veum.

Tre meter snø

I Sogndalsdalen kryssar ein også av for ein stabil og snørik vinter med mykje gjester. Midtvegs i april noterar Sogndal Skisenter i almanakken, at det framleis er tre meter snø i terrenget.

– Me ser på sesongen som vill, vakker og eventyrleg. Mykje tilreisande kjem innom endå. Noko som gjer at me held Rindabotnheisen open. Dei andre heisane er sesongstengt no. Om det kjem mykje folk den komande helga, satsar me på å halda opent også neste helg, seier Cecilie Grendahl, dagleg leiar ved skisenteret.

Framleis gira

Sjølv om heiskøane vanlegvis blir mindre etter påske, opplever begge skisentera at folk ikkje heilt er gått lei den heisbaserte skikøyringa.

– Me hadde mykje folk i bakken no tysdag, folk er ivrige når det kjem til nysnø. I tillegg er det knall forhold i langrennsløypene, som ein konsekvens preparerer me til Høgehaug no laurdag, fortel Grendahl.

Avsluttar med stil

Begge skianlegga har framleis pågang av skifrelste, men ikkje nok til at det er økonomisk vinst å køyra på for fullt.

– Ja, ein må konstatera at sommaren kjem fort, mange har hundrevis av timar på ski allereie. I tillegg freistar dei lyse lange dagane til fjellturar. Det er høgsesong for toppturar no. Så me takkar av førstkomande helg der me startar allereie fredag, litt ekstra stas gjer me den dagen. Då me opnar opp for gratis heiskøyring i samband med Noregscupen, seier Veum.


Siste saker Gå til framsida