Tok feil bil

Politiet fekk melding om tjuveri, men ante kva som hadde skjedd.

Publisert 08.04.2015 kl. 17.28. Oppdatert kl. 17.48.

Onsdag ettermiddag fekk politiet melding om tjuveri av ein bil i Luster.

Attende på staden stod ein heilt maken bil, men den høyrde ikkje til vedkomande som melde frå om tjuveriet.

Politet tok seg fram til adressa til eigaren av bilen som stod att, og der fann dei den forsvunne bilen.

Stussa

Vedkomande hadde rett og slett teke feil bil og køyrd heim. Politiet melder at han hadde stussa over at dottera hadde skifta ut stereoanlegget i bilen.

– Patruljen hadde ein mistanke om kva som hadde skjedd og håpte på rask oppklaring då dei reiste heim til eigaren av den bilen som stod att, seier operasjonsleiar Espen Gulliksen.

Han hadde ikkje merka noko anna, utover at han hadde reagert at musikkanlegget var skifta ut.

Gulliksen vil ikkje seia noko meir om kvar i Luster dette skjedde, men fortel at begge bilane stod ulåste med nøklane i.

Skjedd før

– Dermed låg det rette for å ta feil bil, seier Gulliksen som seier han har høyrt om tilsvarande hending for ein del år attende.

No er begge bilane attende hjå rette eigarar, og mest truleg synst begge at det vart ei god historie.

– Me synst dette var ei kjekk hending og twitre om, smiler Gulliksen.


Les meir om: Siste Nytt Nyhende Luster