Ventar 500 deltakarar

Jostedal spel- og dansarlag og Gamlebanken Spelemannslag er vertskap når 500 deltakarar skal slå seg laus med spel og dans i Gaupne i august.

Publisert 08.04.2015 kl. 12.26. Oppdatert kl. 12.31.

Landsfestivalen i gamaldans feirar 30-årsjubileum i 2016, og det er første gong den blir arrangert i Sogn. Frå 3. til 7. august vert det fullt køyr i Gaupne.

Startskotet

Landsfestivalen er ei årleg storhending innan gamaldansmusikken, og samlar om lag 500 deltakarar til tevling innan spel og dans. I tillegg er det eit stort tal publikummarar frå både fjern og nær.

– Me har mange arbeidsoppgåver å ta tak i før startskotet for den første tevlinga går, men eg er viss på at det skal bli både moro og lærerikt. Det blir fem feststemde dagar med spel og dans av ypparste klasse, seier Synnøve S. Bjørset, leiar for hovudnemnda, i ei pressemelding.

Lokalt engasjement

Landsfestivalen vil utan tvil setja eit solid preg på Gaupne og Luster, og hovudnemnda håpar og ønskjer at innbyggjarane og bedriftene i Luster vil vera med å bidra til denne storhendinga.

– Under sjølve avviklinga av arrangementet er me avhengige av fleire hundre frivillige, og me ønskjer sjølvsagt å ha eit godt samarbeid med det lokale næringslivet. Me har alt ein god dialog med kommunen og fleire lokale aktørar, så dette lovar godt, fortel ei entusiastisk Bjørset.