Har rydda opp att etter påskeskreda

For eitt år sidan dundra steinblokkene ned frå fjellet over Fortun.

Publisert 07.04.2015 kl. 10.39. Oppdatert kl. 10.50.

Steinar store som minibussar vart liggjande på Andreas og Torill Otterhjell si innmark.

Snart ny avling

No er dei siste kampesteinane sprengde i småfiller, kratera blir attfylte med jord og bonden kan snart ta i bruk marka til beite og slått.

– Eg ser fram til at det blir som før, seier Andreas Otterhjell, og håpar at innmarka kan takast i bruk til 17. mai.

Rulla over riksvegen

Inntil for nokre veker sidan låg fjellet strødd ut over marka hans, kloss i fylkesveg 55 i Fortun. Ei svær steinblokk kom jamvel over vegen og blei liggjande på elvekanten.

 

Denne kjempeblokka, som no er sprengd i bitar, tok laus frå 700 meters høgd og blei liggjande heilt inntil fylkesveg 55 forbi Fortun. (Arkivfoto)

Les òg: Krev grundig sjekk av skredfjellet

Les òg: – Me kjenner oss tryggare enn på lenge


Les meir om: Siste Nytt Nyhende Luster