Vertsklubben henta heim bridgetriumf

Fjordens største bridgetreff, Påsketurneringa på Hafslo, vart avvikla med rekorddeltaking i påskeveka.

Publisert 05.04.2015 kl. 15.22.

Heile tretti bord var aktive i den store gymsalen ved skulen på Hafslo. Og heimearenaen triumferte til slutt.

Nøgde

Vinnarparet heiter Nils Sverre Fardal og Torstein Lomheim, frå Hafslo/Solvorn BK.
– Det er me godt nøgde med, seier John Inge Fredheim, som er klubbleiar. Han er også kjempenøgd med deltakinga. Tretti par er fem fleire enn året før. Dermed forsvarer Påskebridgen på Hafslo posisjonen sin som fylkets største.

Pengepremiar

Arrangørklubben sine to bridge-ess sytte for at denne påsken kan førast inn med gullpenn i klubben sin protokoll. Turneringa gav pengepremie til dei åtte beste para. I alt blei det betalt ut 11.000 kroner i pengepremiar.

RESULTAT:

1. 142 poeng Nils Sverre Fardal/Torstein Lomheim, Hafslo og Solvorn BK
2. 135 poeng Geir Hjelmeland/Øystein Vasset, Førde BK
3. 130 poeng Arild Høyvik/Jonny Gjerde, Høyanger BK/Skjolden BK
4. 117 poeng Leif Kvamsdal/Arild Hoff, Førde BK
5.   89 poeng Odd Egil Nygård/Leif Arild Lothe, Måløy BK/Førde BK
6.   63 poeng Øystein Vikesland/Magnar Ljøsne, Sogndal BK/Lærdal BK
7.   42 poeng Kail Lille-Homb/Arnt Ola Fidjestøl, Sogndal BK/BK Grand
7.   42 poeng Arnstein Skjeldestad/Torbjørn Olstad, Sogndal BK.


Les meir om: Siste Nytt Nyhende Luster