Taktiske Leirdal slo til på rett tidspunkt

Mats Bjørnar Leirdal sikra seg sigeren under dagens Bjønnarenn.

Publisert 02.04.2015 kl. 18.06. Oppdatert kl. 18.20.

Gaupne-karen låg i tetgruppa gjennom heile det 20 kilometer lange turrennet under Nigardsbreen, men lot stort sett sunnfjordingen Roger Øye Pollen liggja fremst av dei to.

Slo til

Nokre hundre meter før målgang annonserte speakeren at det var duka for spurtoppgjer i Jostedalen, men så slo Leirdal til. Han parkerte Øye Pollen, og rusla i einsam majestet over målstreken med førdianaren på trygg avstand.

– Roger rykka først, men så hadde eg eit lite gir ekstra eg kunne trø til med då eg kom opp på flata. Også høyrde eg at eg fekk nokre meter, og då var det berre å gje alt resten, seier Leirdal til Sogn Avis etter målgang.

Trente seg opp

Øye Pollen gratulerte Leirdal med sigeren i målområdet under intervjuet, og sa til Leirdal at han visste at han ikkje ville dra noko særleg undervegs i rennet.

– Eg var nok den minst dravillige av oss to. Eg kjende meg ikkje så sterk, også stolar eg mykje på spurten min. Som oftast føler eg at eg klarar å vinna spurten, seier Leirdal, som trappa ned langrennssatsinga framfor årets sesong for å prioritera studiar.

Men rennet på heimebane er alltid gjevt å vinna, difor la han inn nokre ekstra stakeøkter dei siste vekene for å stilla godt rusta til start.

– Dette har vore målet dei siste vekene. Eg kjende meg ikkje trygg halvveges i rennet, då eg kjende meg sleten. Men kroppen var overraskande bra i forhold til kor mykje eg har trent.

Suveren Lefdal

På jentesida var Bertine Thorsnes Lefdal suveren, og sikra seg ein real opptur etter ein sesong prega av sjukdom.

– Rennet var veldig bra. Eg opna kontrollert og klarte å halda heile vegen inn. Eg var spent på om eg skulle gå eller ikkje sidan eg har slite med sjukdom heile sesongen, men eg fekk ein god oppleving, seier Thorsnes Lefdal.

– Det funka greitt då løypa ikkje var so hard, og det gjer godt å få ein bra avslutning på sesongen. No skal eg slappa av ein månads tid, før eg køyrer på igjen til neste sesong. Eg har masse motivasjon til å halda fram satsinga, seier ho.