Vinterfjellet vaknar

Når Anders Fortun startar trakkemaskina er det eit sikkert vårteikn på Sognefjellet.

Publisert 01.04.2015 kl. 12.07. Oppdatert kl. 12.56.

Turtagrø hotel, Sognefjellshytta og Krossbu turiststasjon har lege tungt nedsnødd sidan i haust. Men duren av den fem tonn tunge trakkemaskina på veg mellom Oscarshaug og Krossbu vitnar om at fjellet er på veg ut av dvale

Påsketuristane

Den 200 hestekrefter sterke trakkemaskina lagar jamn dur innover fjellet. Snøen skal temjast til og med andre påskedag.

– Me gjer dette for å ha eit tilbod til påsketuristane. Her kan dei gå på langrennsski og kjem seg verkeleg inn i fjellheimen, i over 1.400 meters høgde, seier Anders Fortun.

Fortun, som fyller 74 år i år har erfaring med køyring sidan 1970-talet. Først på Fanaråkbreen med skuter, seinare i samband med sommarskisenteret og Sognefjellshytta.

Påskebrøytinga mellom parkeringsplassen på Oscarshaug ovanfor Turtagrø og Krossbu er eit samarbeid mellom Turtagrø hotell, Sognefjellshytta, Sognefjellet sommarskisenter og Krossbu turiststasjon. Kommunane Luster og Lom støttar også opp.

Følgjer vegen

Fylkespolitikarane i Oppland har gjeve grønt lys til brøyting slik at fylkesvegen kan bli opna til Krossbu. Dette vil kosta 50.000 kroner og koma overnattingsverksemdene langs vegen til gode.

Når vegen frå vest blir brøyta til Oscarshaug på sognesida betyr det lettare tilkomst for påsketuristane.

Løypa går i stor grad i same trasé som riksveg 55.

– Me held oss unna vatn og følgjer stikkene, forklarar Fortun.


Les meir om: Siste Nytt Nyhende Luster