Budde på fleire oppdrag

Liten respekt for bratt terreng gjer at Røde Kors Hjelpekorps må vera ekstra på vakt.

Publisert 01.04.2015 kl. 11.39. Oppdatert kl. 07.27.

– Det verkar som om mange har gløymt 30-graders regelen. Folk køyrer baksida av Lauvnostind og ned i Ringsdalen. Der var det ei stygg ulukke i fjor, seier Ove Fortun.

Han er leiar i Luster Røde Kors Hjelpekorps, og har vore ute og sett på snøtilhøve og skredfare opp mot påska.

Skuterturar

– Me har eit vanvittig fjellområde i Luster. Heldigvis har me fått løyve til å køyra i nasjonalparkane med snøskuter. Det er der det er mest aktivitet og sjanse for skader, seier Fortun.

Skikøyring i bratt terreng gjer at Røde Kors må øva ekstra på tilkomst i desse områda. I Ringsdalen, Soleiebotn og Skagadalen køyrer dei på gps. Men ruta må leggjast om dersom dårleg vêr lagar vindholder. Dei ynskjer å vera budde.

– Utfordringa kjem om nokon sit fast i fjellsida. Då kan berre Sea King eller alpin redningsgruppe få dei ned, seier Fortun.

Base på Turtagrø

Luster Røde Kors Hjelpekorps har beredskap på Turtagrø i påska og Hafslo Røde Kors Hjelpekorps er stasjonert på Sogn skisenter, Heggmyrane.

Skulle nokon skada seg i påska, kan dei raskt kalla ut 20–30 personar.

– Til saman er me rundt 70 i ein velordna organisasjon, meiner Fortun.

Fleire skader

Statistikken hans seier at det blir tre-fire oppdrag i påska.

– Det er det normale kvart år. Utfordringa er Nørdstedalseter. Dit er det langt og dersom folk er i dårleg form, kan det gå gale.

Skituristane på Nørdstedalseter kjem oftast frå Sota Sæter og palmehelga har laget fem personar og skuter stasjonert på Nørdstedalseter.

– Me hadde det for ti år sidan også. Me gjer dette fordi det er lang utrykkingstid, det kan fort ta to-tre timar å koma seg til området. Det er slett ikkje alltid helikoptervêr, seier Fortun.

Han er glad for at det har blitt godt samband i store deler av Vest-Jotunheimen.

– Me nyttar radiosamband med vhf-system.


Les meir om: Siste Nytt Nyhende Luster