Til topps i noregscup

Publisert 31.03.2015 kl. 17.28. Oppdatert kl. 18.01.

Laurdag 28. og søndag 29. mars var det noregscuphelg i Åndalsnes. Der blei det konkurrert i telemark sprint og fjelltelemark.

Den som meistra den krevjande sprintløypa klart best i juniorklassen for gutar var Øyvind Vagstad frå Syril Telemark.  Han hadde beste omgangstid i begge omgangar og overbeviste med glimrande køyring, opplyser trenar Egil J. Vangsnes til Sogn Avis.

Vagstad stod løpet ut og tok sigeren framfor heimefavoritt Sivert Hole.

Pallplassar

Sigurd Ask, Luster telemark, sikra seg pallplass i 15-16 årsklassen med ein offensiv andreomgang.

På søndagens fjelltelemark køyrde han ned til ei god tid, og på ei tett liste, til 4.plass.

Gunnhild Sofie Vangsnes, Syril Telemark, fekk verkeleg sving på sakene med klart beste omgangstid i juniorklassen. Ho var nedpå i 1. omgang, men det holdt til 2. plass.

Sarah F. Haugen hadde ikkje dagen under sprinten på laurdag. Søndag suste ho gjennom løypa til ei god tid, og det heldt til 2. plass like bak Guro Kjølseth. 

Sarah F. Haugen klar til start før ho køyrde ned fjellsida til ein velfortent 2. plass.

 

Einar Henjum Halsnes, Syril telemark, stod over sprinten grunna skade, men var klar og topp motivert til fjelltelemarken søndag.

Heimebane

Einar kom i mål til ein fjerdeplass i den juniorklassen. Øyvind Vagstad vart nummer fem. Egil J. Vangsnes rapporterer at begge løparane har ambisjonar om å nå heilt opp når norgescupen blir avslutta med fjelltelemark på heimebane med 1. etappe på Kjeringi Open.

 

Ein samansveisa gjeng klar for løypebesiktigelse på toppen av sprint-løypa i Skorgedalen i Åndalsnes. F.v. Øyvind Vagstad, Gunnhild Sofie Vangsnes, Einar Henjum Halsnes, Sarah Fiskaa Haugen, Sigurd Ask.