Trur på lang skisesong

– Veldig mange vil til fjells for å gå opp på toppane og leika ned att på ski.

Publisert 30.03.2015 kl. 18.50. Oppdatert kl. 21.28.

Laila Hjellvoll gjorde comeback som dagleg leiar for Turtagrø hotel for eit år sidan og tek imot mange snøsugne gjester.

– Eg trur det blir ei bra påske og skisesong. Me har bra med bestillingar, spesielt i siste del av påska, seier ho i forkant av høgtida.

Lang sesong

Ho fortel at hotellet har nesten fullbooka langhelger i mai.

– Så om snøen held blir det ein svært god vårsesong, seier ho.

På Turtagrø er det skredkurs og yoga ein del av påsketilbodet.

– Mange vil vera med på arrangementa våre, me har toppturkurs for damer i slutten av april og ranglehelg i juni. Mange ynskjer å læra om korleis dei ferdast i fjellet på ein trygg måte. Dette lærer dei mellom anna på kurs me har sett opp i samarbeid med Norgesguidene både på vårparten og i sommar, seier ho.

God stand

Ho konstaterer at hotellet var i god forfatning då ho kom for å gjera klar til sesongen.

– Hotellet har klart seg godt gjennom vinteren fordi me har Leif Egil Kalstad som ansvarleg for alt av vedlikehald her på bruket. Leif Egil har vore på Turtagrø gjennom mange år og kjenner alle detaljar i alle bygningar. Han er ei uvurderleg hjelp å ha og ein positiv person.

Håper på godvêr

Også for sommaren ser det så langt lyst ut for Turtagrø. Her er fjellsportkurs og toppturveke populære hendingar.

– Me har også daglege bre- og grotteturar til sommaren. Det er populært hjå familiar. Eit lågterskeltilbod der ein har moglegheit til å læra mykje om breane våre, fjellfauna og flora. Eg håpar på godt vêr, slik som i fjor. 2014 var ein formidabel sesong for Turtagrø, som for mange andre hotell.

Dynamisk jobb

Dagleg leiar kjenner seg heime på hotellet og liker godt å jobba både med dei andre tilsette og gjestene.

Hjellvoll har ein svært variert jobbkvardag 884 meter over havet.

– Det skjer mykje og arbeidsoppgåvene er varierte. Eg er ikkje ein administrerande hotelldirektør som sit på kontoret og berre jobbar med tal. Det blir mykje kontorarbeid men det er alt frå vaktlister til oversikt over vedlikehald som skal gjerast. Marknadsføring og rutinar for arbeidsoppgåver til dømes. Eg er også mykje ute mellom gjestene og i resepsjonen. Eg hoppar inn i serveringa om det trengst og i oppvasken. Eg liker variasjonen og elskar bygningane her.


Les meir om: Siste Nytt Nyhende Luster