Gigant strør ut vel tre kvart milliard

BKK-konsernet henta deler av 2014-vinsten på anna enn kraftsal.

Publisert 28.03.2015 kl. 17.57. Oppdatert kl. 09.32.

Selskapet gjorde seg ein ekstra slant på sal av kraftverk og gunstigare pensjonskostnader.

Betre enn året før

BKK sitt konsernesultat for 2014 blei 775 millionar kroner, ein auke på 88 millionar kroner frå året før.

I ei pressemelding skriv kraftgiganten med tilhald i Bergen at resultatbetringa kan forklarast med salet av Leirdøla kraftverk.

Kraftverkssalet

Kraftverket i sidedalen til Jostedalen blei selt ut av eigarskapen til Sogn og Fjordane Energi. Sidan BKK-konsernet er deleigar i SFE, blei vinsten såleis også synleg i BKK sin konsernrekneskap.

I tillegg har BKK opplevd å motta eit positivt bidrag til 2014-resultatet frå såkalla levealdrejustering av konsernet sine pensjonskostnader.

Deler ut 70 prosent

Det heiter vidare i pressemeldinga at BKK A/S for 2014 betaler eit utbyte til eigarane sine på 400 millionar kroner. Det heiter at styret har som mål å utbetala 70 prosent av resultatet i morselskapet etter skatt som ordinært utbyte. Det reine morselskapet, BKK A/S, nådde eit resultat på 571 millionar kroner i 2014.

Dei siste ti åra har BKK betalt ut 8,4 milliardar kroner i utbyte til eigarane sine.

Mindre overskot i år

Det største resultatbidraget til konsernet kjem frå BKK Produksjon. Samla bidrag frå BKK Produksjon i 2015 er venta å bli på line med fjoråret.

Det siste skuldast høg forventa kraftproduksjon inneverande år. Dette kompenserer for fallande kraftprisar.

For konsernet som heilskap ventar styret eit overskot i 2015 som er mindre enn fjorårets.

 

 


Les meir om: Siste Nytt Nyhende Luster

Siste saker Gå til framsida