Jøran kjappast rett ned

Heimesiger i fartsfest på Hafslo.

Publisert 28.03.2015 kl. 20.04.

Totalt 86 utøvarar deltok i årets utgåve av Heggmyri Rett Ned laurdag.

Raskast

Raskast av dei alle var Jøran Hillestad frå Hafslo med tida 1,54,13. Hakk i hel kom Arthur Bremer Brynjulfsen på tida 1,54,68.

– Eg er særs nøgd med å slå Arthur på tid, då han er ranka som favoritt  blant mange, skikkeleg moro, seier Jøran Hillestad.

– Kjempeløype

Flotte forhold prega årets renn og det blei ein perfekt start på påskeferien for dei fleire hundre som hadde funne vegen til Sogn skisenter laurdag.

– Det var ei kjempeløype i år. Snøen var god, og løypesetjarane hadde laga ein fin trasé. Alt i alt er eg kjempenøgd med dagen, seier Hillestad.

Det er andre gongen Jøran Hillestad er raskast ned HRN- løypa.


Les meir om: Siste Nytt Sport Luster

Siste saker Gå til framsida