Svori inn i styret

Sogn og Fjordane er sterkt representerte i styret til målungdomen.

Publisert 25.03.2015 kl. 16.31. Oppdatert kl. 13.38.

På Norsk Målungdom sitt landsmøte i Oslo, vart to frå fylket valde inn i sentralstyret.

Jostedalen

Kine Svori(bilete) frå Jostedalen kjem inn som ny sentralstyremedlem. Fredrik Hope frå Hyen tok attval som økonomiansvarleg. Saman med resten av styret skal dei arbeide for nynorsken og dialektmangfaldet i Noreg.

- Det er viktig at folk får sjå språket sitt i kvardagen, og at me synleggjer nynorsk som eit bruksspråk, seier Kine Svori.

Nynorskfylket

Fredrik Hope er samd. Han meiner at nynorsk skal vere eit naturleg val for både offentlege og private aktørar i fylket.

- Sogn og Fjordane er nynorskfylke nummer éin, og di synlegare nynorsken er her, dess betre vert det for nynorskbrukarar i resten av landet. Når unge og vaksne ser mykje nynorsk rundt seg, vert dei tryggare på språket sitt, seier Hope. 

Ny leiar

Synnøve Marie Sætre frå Ørsta tek over som ny leiar. Med seg på laget har ho også Kristofer Olai Ravn Stavseng frå Stordal som nestleiar, Kirsti Lunde frå Lom som skrivar og Hans Rasmus Glomsrud frå Eidsberg som sentralstyremedlem.

 


Les meir om: Siste Nytt Nyhende Luster

Siste saker Gå til framsida