Fortenestmedalje for lang innsats i Røde Kors

Steinar Grønsberg og Ove Fortun fekk heider for engasjementet.

Publisert 22.03.2015 kl. 10.08. Oppdatert kl. 11.54.

Leiarane i Luster og Aurland Røde Kors Hjelpekorps fekk fortenestmedalja til Norges Røde Kors Hjelpekorps under årsmøtet i Flåm i helga.

– Dei to er i dag leiarane av to av dei mest vitale hjelpekorpsa i fylket. Aurland og Luster er også dei hjelpekorpsa som har og har hatt store og krevjande oppgåver under leiing av dei to, heiter det i ei melding frå Henning A. Hellebust i Sogn og Fjordane Røde Kors.

I Røde Kors heile livet

Ove Fortun er leiar i Luster Røde Kors Hjelpekorps. I grunngjevinga heiter det at han har hatt tillitsverv på lokalt og distriktsplan i Luster Røde Kors, Luster Røde Kors Hjelpekorps og Sogn og Fjordane Røde Kors. Han blir skildra som ein person som har vore medlem i Røde Kors nær sagt heile livet.

Fortun har stort engasjement i beredskapsarbeidet og har profilert Røde Kors på ein strålande måte gjennom mange år, heiter det i grunngjevinga.

Kriseleiing og skredgruppe

Mellom anna har han delteke i kommunen sitt beredskapsråd og etter orkanen Dagmar blei han Luster Røde Kors sin representant i den kommunale kriseleiinga. Han har vore viktig drivkraft i i etablering av eiga skredgruppe med frivillige frå fleire kommunar i Sogn. Kommunikasjon og sambandsarbeid, førstehjelpssatsing og rollen hans som aktiv pådrivar for hjartestartarprosjekt i kommunen, heiter det i grunngjevinga.

Hjelpekorpset har hatt stor auke i aktive medlemmer i tida Fortun har vore leiar og han blir skildra som særleg dyktig til å rekruttera unge medlemmer og halda på desse.

Jobb og fritid

Steinar Grønsberg har vore medlem sidan 1977 og leiar og tillitsverv sidan 1978 i Aurland Røde Kors Hjelpekorps og Aurland Røde Kors.

Han blir skilda osm eit aktivt medlem i Røde Kors i over 40 år og ein særs kvalifisert hjelpekorpsar og leiar.

I ei årrekkje har Røde Kors vore både jobb- og fritidssyssel for Grønsberg.

Ambulansesjåfør

Samstundes som han vart aktiv i hjelpekorpset tok han utdanning som ambulansesjåfør knytt til Røde Kors sin ambulansestasjon i Aurland.

Han har vore korpsleiar i Aurland Røde Kors i fleire periodar og i grunngjevinga heiter det at han er ein samlande og respektperson lokalt.

Grønsberg har også engasjement innan beredskap, medlemsverving, søk og redning.

Både Ove Fortun og Steinar Grønsberg har tidlegare fått fortenestdiplom med nål, opplyser Sogn og Fjordane Røde Kors.


Siste saker Gå til framsida