Tysk artist spelte inn musikkvideo i Sogn

Publisert 24.02.2015 kl. 16.09. Oppdatert kl. 10.24.

Den tyske ethno-pop artisten Oonagh spelte inn sin nyaste musikkvideo «Eldamar» i Sogn og Fjordane.

Dei viktigste opptaksstadane var Nigardsbreen, Sognefjellsveien og Lusterfjorden.

– Gåvepakke for reiselivet

Selskapet Totjueto Film frå Molde stod bak den norske delen av produksjonen. Slike innspelingar som dette er ei gåvepakke for reiselivet, meiner produsent Martin Gjellestad.

– Når me får vist fram den norske naturen i populærkulturen på denne måten, så når me ut til eit enormt publikum, uten at me nødvendigvis betalar så mykje for det, seier Gjellestad i ei pressemelding.

Innspeling om hausten

Han meiner at reiselivet i stadig større grad må jobba for å få slike innspelingar til landet, i staden for å tenkja på de tradisjonelle brosjyrene og annonsane. Unge gjennomskodar reklame, medan produktplassering treffer betre hjå denne målgruppa, meiner Gjellestad.

Han rettar og ei takk til alle aktørar i Sogn og Fjordane som hjelpte til med innspelinga.

Innspelinga gjekk føre seg i september 2014, og musikkvideoen blei lansert nokre månader etterpå.

 


Les meir om: Siste Nytt Nyhende Luster