Ordføraren tok ryddeansvar

Fjerna stor isblokk frå fv 55.

Publisert 21.02.2015 kl. 18.24.

Fredag ettermiddag fall ei stor isblokk ned i vegbana på fv 55 rett utanfor tunnelen før ein kjem opp til Hafslovatnet. Ein av dei første som kom til staden var lustraordførar Ivar Kvalen som var på veg heim frå Sogndal.

– Det var kome ned ei blokk, eg trur den må ha vore på rundt 150 kilo og ein bilførar køyrde inn i denne og fekk skadar på bilen, seier Kvalen.

Han fekk andre til å stogga trafikken og starta med å rydda vekk isen, noko ein trafikant i køen festa til fotolinsa.

– Eg trur det er fleire som ville gjort det same. Eg har jobba i 15 år i Statens vegvesen og i Mesta og då ligg det i oss, seier Kvalen.

At blokka låg i vegbana i ein sving ved tunnelmunninga til fare for trafikken, gjorde valet om å rydda den vekk enkelt.

– Eg fann ut at det var like greitt å hoppa i det, seier Kvalen.

 

 


Les meir om: Siste Nytt Nyhende Luster