Fylkesveg 337 var stengd grunna fare for ras

Vegen til Veitastrond var natt til fredag stengd grunna fare for ras.

Publisert 20.02.2015 kl. 07.02. Oppdatert kl. 11.07.

Vegen vart opna att fredag morgon.

Fv 241 mellom Gudvangen–Bakka er stengd grunna ras og fare for ras,  medan Fv 152 Ulvestad–Menes er stengd grunna fare for ras. Fv 331 Kroken–Urnes er framleis stengd grunna oppryddingsarbeid.

Vikafjellet

Rv 13 over Vikafjellet er framleis stengd grunna uvêr og fare for ras, melder vegvesen.no fredag morgon. Også Fv 55 i Esebotn var fredag morgon stengd grunna fare for ras, men denne vart opna att fredag føremiddag.

Bortsett frå Vikafjellet, er fjellovergangane i Sogn opne fredag morgon, ifølgje vegtrafikksentralen i Oslo.

Også i lufta er alt på stell. Fly til og frå Sogndal lufthamn Haukåsen, samt til dei andre fyplassan i fylket, er alle meldt å vera i rute i morgontimane fredag, ifølgje trafikkfly.no