Hentar stamvegstøtte

Den nye stamvegstrategien frå Gol til Jølster skal på Sogn regionråd sitt bord 26. februar.

Publisert 19.02.2015 kl. 20.14. Oppdatert kl. 20.15.

Leiar for samferdslegruppa i regionrådet, ordførar Ivar Kvalen, er i full gang med å førebu eit framlegg til korleis den ferske stamvegpåverkaren kan organiserast.

Like til Ålesund

– Me må etablera ei gruppe samansett slik at dette tiltaket får alle kommunane si støtte, seier han, og ser for seg at den nemnde strategien, som Sogn Avis rapporterte om førre måndagen, kjem til å ha mellom 20 og 30 kommunar i ryggen, samt ålesundsregionen.

Nordvestlandet

Den tillyste alliansen har blitt til på initiativ frå ordførar Oddvar Grøthe i Hemsedal. Formålet er å stø opp under Statens vegvesen si tilråding sist i januar i år. Etaten går for Riksveg 52 Hemsedalsfjellet og E134 Haukeli som to hovudkorridorar mellom aust og vest.

Rapporten peiker på Hemsedalsfjellet som port austfrå til både Bergen og Ålesund, såleis også mellom Austlandet og Nordvestlandet.

E16 skal landast

Samstundes blir det frå etaten si side forsikra at investeringsprogrammet på E16 Filefjell skal oppfyllast.

Kommunane i Indre Sogn, såleis medlemskommunane i regionrådet, kan dermed innkassera full pott på båe dei to korridorane ned til Lærdal austfrå.

– Eit fylkesprosjekt

– Det må vera råd og sjå på dette som eit fylkesprosjekt, seier Ivar Kvalen, og meiner Statens vegvesen sin konklusjon på aust/vest-prioriteringa er bra for både Florø og Lærdal.