Minister til Sogn

Skal vera med å diskutera rovviltsituasjonen i fylket.

Publisert 18.02.2015 kl. 18.37. Oppdatert kl. 18.38.

Klima og miljøminister Tine Sundtoft vitjar Indre Sogn måndag 23. mars.

Rovvilt

Tema blir rovviltsituasjonen i fylket.

– Programmet er ikkje endeleg klart, men me prøver å få til besøk i Naddvik og i Luster i tillegg til eit møte representantar for beitenæringa og offentlege styremakter som har ansvaret for rovviltforvaltninga. Prøveprosjektet for meir effektiv lisensfelling blir også tema. Der er det no sendt på høyring nokre av dei tiltaka som betelaga har søkt om, og me håpar at det er klart når statsråden kjem til Sogn, opplyser stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H).


Les meir om: Siste Nytt Nyhende Luster