Isblokker small ned i vegbana

Stort oppryddingsarbeid mellom Sogndal og Hafslo.

Publisert 14.02.2015 kl. 21.22. Oppdatert kl. 21.30.

Laurdag kveld rasa isblokker ned i vegbana i andre sving etter Stupshøltunnelen, retning Sogndal.

Forbipasserande melder om at det er passasje på staden, men at det tok lang tid før oppryddingsarbeidet vart gjort.

Vegtrafikksentralen melder like etter klokka 20 at mannskap er på veg for å rydda opp.