Vil setja til side ny arbeidsmiljølov

Luster Ap vil at kommunen går sin eigen veg dersom ny arbeidsmiljølov blir innført.

Publisert 14.02.2015 kl. 14.14. Oppdatert kl. 19.26.

Får regjeringa fleirtal for å innføra ny arbeidsmiljølov, vil Luster Ap at kommunen går sin eigen veg.

– Blir dette situasjonen, vil Luster Arbeidarparti arbeida for at Luster kommune som arbeidsgjevar skal laga lokal særavtale med organisasjonane som byggjer på dagens reglar i arbeidsmiljølova når det gjeld tilsetjingar i faste stillingar og arbeidstid, seier partileiar Arne Johannessen.

Fryktar Venstre

Det er eit samrøystes års­møte i Luster Ap som har staka­ ut kursen ein vil styra etter om framlegget frå regjeringa får fleirtal i Stortinget.

– Eg håpar at framlegget til ny arbeidsmiljølov vert røysta ned, men fryktar at Venstre, som i denne saka er verre enn Frp, vil sikra regjeringa fleirtal, seier Johannessen.

Feil retning

Det vil ifølgje Ap-leiaren i Luster­ vera å gå i feil retning.

– Me reagerer veldig negativt på at ein vil endra viktige punkt i lova, ikkje minst opna for meir mellombels til­setjing, seier Johannessen. Difor vil Luster Arbeidarparti, om regjeringa får fleirtal, køyra vid­are i same sporet som før.

– Det vil me, og det har me full moglegheit i lovverket til å gjera, seier Johannessen.

Dialog

Det vil partiet også invitera resten av det politiske miljøet i kommunen til å vera med på.

– Me vil invitera dei andre partia til dialog om dette dersom Stortinget vedtek lova med dei svært negative endringsframlegga som ligg der per i dag, seier Johannessen. Luster Ap vil også oppmoda Sogn og Fjordane Ap sitt fylkes­årsmøte til å vedta dette som sin politiske føring i det vidare arbeidet.

Fortrinn

Når Johannessen ser inn i framtida ser han føre seg ein langt tøffare kamp om arbeids­krafta.

– Særleg innan undervising, helse og fagarbeidarar. Om Luster vel å køyra vidare etter dagens reglar, det er det opp til kommunestyret avgjera, meiner eg me vil ha eit for­trinn i rekrutteringsarbeidet, seier Johannessen, og kjøper ikkje argumentet om at framlegget til ny arbeidsmiljølov vil gjera det lettare for unge å koma seg inn i arbeidslivet.

– Sverige har prøvd dette i fleire år, men landet har ei svært høg arbeidsløyse blant ungdom, seier han, og viser til at tankane Luster Ap no forfektar også er lufta i andre kommunar.

– Røros har gjort det og det er på den politiske dagsorden i Trondheim.


Les meir om: Siste Nytt Nyhende Luster