Vil finkjemma toppen

Forfattar Arne Larsen gjev ikkje opp trua på at ein nordmann var først oppe på toppen av Store Skagastølstid.

Publisert 13.02.2015 kl. 15.40. Oppdatert kl. 15.42.

Difor vil han i sommar ta med seg Øyvind Bruland og ein metallsøkar for å gjera ei skikkeleg undersøking for å finna bevis for at det ikkje var William Cecil Slingsby som var først oppe på den alpine toppen.

– Me ser vêret litt an og reknar med å klatra opp ein gong i juni eller juli og overnatta på toppen. Så vil me gå ned att på ettermiddagen eller kvelden andre dag.

Ikkje nok

Larsen hadde med seg metallsøkar til toppen også i 2013, men fekk ikkje leitt skikkeleg.

– Det er mange sprekkar og vanskeleg å koma til. No vil me ha med oss små krafser som me kan trekkja ting ut med dersom me kjem over noko.

Larsen seier han er overtydd om at Amund Lammers var oppe på Storen nær 50 år før Slingsby, men har så langt relativt lite gehør for den påstanden i det norske klatremiljøet. Til Sogn Avis i går meinte Knut Tønsberg at ein slik påstand var bygd på indisiar der grunnlaget var tynt.

Larsen er ikkje usamd i det.

– Det er bygd på indisiar, men også utsegner som sonen til Lammers har kome med og ein førar, Ole Øyen, som skal ha sagt at toppen på Storen vart klatra ein gong i perioden 1825–1835.

Myntar

– Kva vonar du å finna på toppen?

– Eg vonar å finna myntar som er daterte før 1827, myntar med ei koparlegering som ikkje var så verdfulle og som Lammers kan ha lagt att. Metallsøkaren me har med oss sler ut på det rette metallet.

– Det er blitt hevda at Lammers var på ein annan topp?

– ja, det kan godt henda at han var på ein annan topp og feilaktig trudde det var Storen. Men samstundes er det ein sjanse for at han faktisk var på Storen, det er dette me no vonar å finna ut av.

Larsen legg til at det ikkje vart skrive om Lammers tur, medan andre turar i området frå 1820 og framover er innlemma i Jotunheimen si historie.

Nytt opplag

– Det kan indikera at Lammers og andre har vore usikre på kvar han hadde vore. Dette vonar me å finna svar på.

Forfattaren si bok om Storen, der han antydar at Lammers var først oppe på toppen, kjem no i eit nytt opplag. Dette skjer i mars/april. Førsteopplaget var på 2.500 og boka kom inn under innkjøpsordninga. Dette portrettet av Storen har fått svært gode tilbakemeldingar.


Les meir om: Siste Nytt Nyhende Luster