Stengd til over helga

Sikringsarbeid må til før fylkesvegen på sørsida av Lustrafjorden opnar att.

Publisert 12.02.2015 kl. 13.43. Oppdatert kl. 14.33.

Natt til tysdag rasa store steinblokker ned i vegen mellom Kroken og Urnes og stengde vegen.

– Vegvesenet opplyser til Luster kommune at det skal sikringsarbeid til der.  Vegen blir stengd over helga, truleg fram til neste fredag, seier Jan Magne Svåi, einingsleiar for eigedom i Luster kommune.

Dermed er folk busette mellom Kroken og Urnes isolerte, og må nytta ferja til Solvorn for å koma seg ut av grendene sine.

 

 

 


Les meir om: Siste Nytt Nyhende Luster

Siste saker Gå til framsida