Innfører ekstraordinær bandtvang

Av omsyn til hjorteviltet.

Publisert 11.02.2015 kl. 20.51. Oppdatert kl. 22.52.

Rådmannen Jarle Skartun i Luster har bestemt at det skal innførast ei lokal forskrift om ekstraordinær bandtvang for hund. Rådmannen seier vedtaket er gjort med omsyn til viltet i kommunen.

– Med so mykje snø som me har no, søkjer dyra nærare vegene og der folk bur. Me har hatt ein par episodar der hundar har angripe hjortedyr og skadd desse. Eitt av dyra måtte avlivast etterpå, seier Skartun.

Heile kommunen

Den ekstraordinære bandtvangen som hundeiegarane i Luster no må forhalda seg til,  vil vara fram til den ordninære bandtvangen startar 1. april.

Bandtvangen gjeld heile kommunen opp til skoggrensa. «Det betyr at hundar skal haldast i band eller vera forsvarleg innestengde eller inngjerda, slik at dei ikkje kan forfølgja eller skada vilt. På snaufjellet kan hundar sleppast, men det vert synt til dei generelle vilkåra for å ha hund laus. Hundehaldarar som fordsetteleg eller uaktsamt overtrer denne forskrifta kan straffast med bøter eller fengsel», heiter det i forskrifta som skal handhevast av fjelloppsynstenesta i kommunen.

– Hatt det før

Ifølgje rådmannen er det ikkje første gongen kommunen har innført ekstraordinær bandtvang.

– Nei, me har hatt det tidlegare, seier Skartun.

 

 


Les meir om: Siste Nytt Nyhende Luster