Treffsikre skyttarar

Sterke resultat på fire skytebaner i helga.

Publisert 09.02.2015 kl. 18.24. Oppdatert kl. 21.43.

Over 200 skyttarar har i helga konkurrert på skytebanene i Leikanger, Norum, Sogndal og Hafslo.

– Dette er fleire enn nokon gong tidlegare, seier leiar i Leikanger skyttarlag, Olav Skarsbø.

Han fortel at interessa for skyting er svært stor og at mange legg ned mykje i trening no om vinteren. – Fleire nye skyttarar kjem til. Det er flott å sjå at nybyrjarklassen Aspirant er den nest største klassen på stemna. 39 aspirantar deltok på stemna vår i Leikanger seier Skarsbø som tykkjer dette er svært gledeleg.

Topp resultat

– Me har fått mange svært gode resultat denne helga. Vegard Solhaug, Aurland,  viste kva han eg god for og vann Agnitio-pokalen til odel og eige etter å ha fått 3-napp i denne gjeve pokalen. Med 248 poeng i Leikanger som sitt beste resultat vart Vegard best samanlagt i klasse 3-5. Blant ungdommane er det beinhard kamp om dei øvste plassane. For å vinna her må ein hevda seg heilt i norgestoppen. Me har dei siste åra vunne NM-gull i fleire av desse klassane, seier Skarsbø.

Dobbel 250

I juniorklassen imponerte Lars Ove Dulsvik, Sogndal,  med to stemner på 250 poeng og to med 249 poeng. Ørjan Øyrehagen, Norum,  Jon-Hermann Hegg, Hegg,  og Maia Vetti Grøndal, Farnes, skaut og svært godt, medan Kjersti Fagerlund frå Tønjum skyttarlag kanskje er den som overraska mest denne helga.

– Kjersti viser stor framgang som juniorskyttar trass i utfordringa på banesida i Lærdal det siste året, seier Skarsbø.

Hard konkurranse

I rekruttklassen var det rekordstor deltaking og svært jamnt. Tor Kristian Dulsvik, Sogndal,  Jens Henrik Hegg, Hegg, Eskil Venes Angelshaug, Sogndal, og Joakim Christensen viste alle flott skyting denne helga og er blant favorittane før samlagstemna i månadsskifte februar/mars.

– I Eldre rekrutt er konkurransen endå tøffare. Her er det 250 eller 249 poeng som må til for å vinna. Vegard Eikevik, Sogndal,  Hermann Uglum, Sogndal,  og Trine Njøs, Leikanger, skaut svært godt og delte topplasseringane seg i mellom på dei fire stemna. Vegard Eikevik vann både i Hafslo og Sogndal, medan Hermann Uglum vann i Norum og Trine Njøs på si heimebane i Leikanger.