Uttekne til VM

To Telemark-køyarar frå Sogn skal forsvara dei norske fargane under VM i USA i slutten av månaden.

Publisert 09.02.2015 kl. 19.32.

Norges Skiforbund-telemark sender 13 utøvarar til senior og junior VM i Steamboat Springs, USA 24.-27. februar.

- Me  stiller med ein stor tropp med god breidde og håpar på fleire gode resultat i både senior og junior VM, sier sportssjef Jo Mork i ei pressemelding.

To sogningar

To av løparane i Junior-troppen kjem frå Sogn, Sarah Fiskaa Haugen frå Luster Telemarkklubb og Øyvind Vagstad frå Syril IL. Medan Fiskaa Haugen har slite litt med å nå knallforma frå i fjor, har Vagstad slått til for fullt. Ikkje minst i junior-NM i helga der han henta heim eitt gull og to bronsemedaljar.

– Det var utruuleg kjekt å ta gullet, eg har kjempa lenge for det, seier 19-åringen frå Leikanger.

No er det VM det handlar om for dei to lokale telemark-køyrarane.

 

Dette er troppen til VM

Kvinner senior:?

Mathilde Olsen Ilebrekke, Nordre Land IL

Thea Smedheim Lunde, Ullensaker Skiklubb

 

Menn senior:?

Sondre Kristenstuen, Nordre Land IL

Trym Nygaard, Bækkelaget Sportsklubb

Amund Morstøl Valde, Isfjorden IL

 

Kvinner junior?:

Ida Elisabeth Gresaker, Ullensaker Skiklubb

Guro Helde Kjølseth, Sportsklubben Rival

Sarah Fiskaa Haugen, Luster Telemarkklubb

 

Menn junior?:

Ådne Kristenstuen, Nordre Land IL

Lasse Skøre, Vang IL

Sivert Hole, Åndalsnes IF

Andreas Solstad Alme, Eidsvåg IL

Øyvind Vagstad, Syril IL