Stod fast på toppen av skisenter

Ringde 112 for å få hjelp.

Publisert 07.02.2015 kl. 16.13. Oppdatert kl. 16.32.

Eit følgje på tre personar ringde 112 og ba om hjelp til å komme ned frå toppen av Sogn skisenter på Hafslo.

Dei såg ikkje noko framfor seg, melder politiet.

Rask handling frå skisenteret og Røde Kors fekk dei tre ned frå fjellet.

Sogn skisenter har i dag hatt høgtideleg opning av den nye skiheisen med snorklipping av ordførar Ivar Kvalen.

Det skulle også vere fri køyring etter opninga.

På grunn av den sterke vinden måtte øvste del av heisen stengjast.


Les meir om: Siste Nytt Nyhende Luster