Utfordrar Snøhetta om Wittgensteinhytta

I kva stil og form skal Wittgensteinhytta gjenreisast?

Publisert 06.02.2015 kl. 00.01.

Det vil stå høgt på dagsorden på det femte Wittgenstein-seminaret i dagane 17.–19. april på Walaker Hotel.

Utfordrar

Landets fremste arkitekt og Snøhetta-sjef Kjetil Trædal Thorsen skal på seminaret trekkje trådar frå bygg som Wittgenstein var med og bygde i Wien til hytta han fekk seg bygd i Skjolden.

– Han vil òg verta oppfordra av meg til å snakka om korleis han tenkjer huset til Wittgenstein kan byggjast opp att i Skjolden, seier Knut Olav Åmås. Han er seminarleiar og ansvarleg for innhaldet i seminaret på Walaker Hotell 17.–19. april.

På verdskartet

For femte gong inviterer Åmås til seminar om den austerrikske filosofen Ludwig Wittgenstein (1889–1951). Med seg som førelesarar har han arkitekt Kjetil Trædal Thorsen og forfattar Gabi Gleichmann.

«Austerrikaren» kalla skjoldingane mannen som fekk Skjolden på det filosofiske verdskartet. Wittgenstein er ein av dei mest fascinerande tenkjarane i det 20. århundre. To gonger endra han filosofihistoria si retning, og begge gongene sat han i Skjolden og skreiv manuskripta av begge hovudverka sine i Skjolden.

I fotefara

Deltakarane skal ikkje berre sitja innomhus og høyra på førelesingar som livet og tankane til filosofen. Dei skal òg gå i fotefara til filosofen, få sjå og oppleva området som den vidgjetne filosofen søkte seg til.

Det gjeld både til Wittgenstein-stader i Skjolden og på hyttetomta til Wittgenstein, på ei berghylle i bratta opp frå Eidsvatnet i Skjolden. Filosofen søkte ro og einsemd i tenkjestova si for å byggja lange tankebanar. I 1957 vart hytta demontert og bygt opp att nede i Skjolden.

Byggja opp att

Berre grunnmuren står att på tomta. Åmås har i 25 år følgt og skrive om planane for å få bygt opp att hytta til Wittgenstein, og for å få bygt eit besøkssenter på eigedomen.

– Eg registrer at det går litt raskare i rett retning med å få realisert prosjektet, men eg ser fram til å verta oppdatert på framgangen i arbeidet, seier Åmås.

Flytta huset

Ordførar Ivar Kvalen ivrar for å få bygd oppatt hytta. Han leiar stiftinga som vart etablert saman med Universitetet i Bergen i fjor.

– Ambisjonen min er at prosjektet med å få bygt opp att Wittgensteinhytta. Eg er overtydd om at det vert ein kjempestor attraksjon. Akademikarar og andre intellektuelle har valfarta til hylla i berget over Eidsvatnet i mange år, seier Kvalen.

Luster kommune har kjøpt tomta, og stiftinga skal få disponera grunnen.

Stiftinga er no i samtalar med huseigaren om å få kjøpa att hytta, som er bygd om og vert brukt som feriehus i Skjolden.

– Eigarane er positive til å gå vidare i tingingar med oss, seier Kvalen.