Viser jaktfilm på stort lerret

Hjortefelling i Sogn festa på film.

Publisert 04.02.2015 kl. 18.48. Oppdatert kl. 11.27.

– Det er stor interesse for jaktfilm. Kristoffer Clausen har tjue millionar treff på jaktfilmane sine på Youtube, seier Joar Søhoel.

Den ivrige jegaren og kokken frå Hafslo vil difor setja opp jaktfilm med mykje sognenatur på Sogndal kino 16. februar. Til stades blir også Clausen, som har følgt Søhoel som ein skugge med kamera gjennom mange turar i skogen.

Clausen vil halda føredrag med jakt som tema.

Mykje arbeid

– Kristoffer har filma meg på jakt i fleire år og trives veldig godt i Indre Sogn, seier Søhoel.

Clausen er kjent frå boka "En vill mann", der han skildrar korleis han prøvde å leva som sjølvberga i naturen Sogn i eitt år. Søhoel driv catering og serverer viltet han skyt.

– Det er vanskeleg å snikjakta når me går to, så det er mykje arbeid bak ein film. Det er ikkje alltid så enkelt å snika seg inn på hjorten. Men det gir ekstra spenning å gå tett innpå og få felling på film. Og det er kjekt å få tilbakemelding på jaktfilmane, seier Søhoel, som også har gjeve ut dvd saman med Clausen tidlegare.

Høge brøl

Søhoel bruker halve året til jakt og i fjor haust filma han og Clausen mykje i Kapanger, Hafslo og Luster.

– Me har valt å syna filmen på kinoen i Sogndal for å få god surroundlyd på hjortebrøla, seier Søhoel.

Mykje ventetid blir det når jaktfilmane skal lagast. I fjor byrja det hasta.

- Det var ein mild haust og hjorten var langt til fjells. Me fekk nesten ikkje noko på film, men i desember kom hjorten på trekk. Då vart det mykje hjort i terrenget og felling på film.