Gjestene gir sognehotella toppkarakter på nett

Fleire av overnattingsstadene i Sogn haustar mange stjerner hjå tripadvisor.com.

Publisert 03.02.2015 kl. 19.10. Oppdatert kl. 19.57.

– Dette viser at me i Indre Sogn kanskje er litt meir medvitne enn resten av Reiselivs-Noreg, meiner Ole-Henrik Nitter Walaker, eigar av Walaker Hotell i Solvorn.

Nøgde gjester

Nettstaden tripadvisor.com inneheld gjestekommentarar på overnattingsstader i heile verda. Deira "2015 Travellers´Choice" består av gjesteanmeldelsar og på lista over dei 25 beste hotella i Noreg finn ein til dømes Balestrand Hotel på 18. plass og Vatnahalsen Høyfjellshotell på 24. plass.

Walaker Hotell gjer det ofte bra i kåringar og ligg på tredjeplass på lista over dei 10 beste småhotella i landet, medan Tørvis Hotel, også det i Luster, ligg på fjerde plass i same kategori.

Nytt med nett

– Overraskande, eg fekk litt sjokk, seier Jannet Aksnes.

Ho eig og driv Vatnahalsen Høyfjellshotel like ved Flåmsbana, som tydlegvis gjestene liker. Hotellet hennar er på topp 25-lista over gode hotell i Noreg.

Før har ho tykt det har vore litt skummelt at alt dei hotelltilsette seier og gjer blir vurdert.

– Me har ikkje vore noko aktive på nett. Men me har vore ærlege på bileta me har lagt ut, slik at gjestene får eit ekte inntrykk av korleis det er her og ikkje blir skuffa når dei kjem, seier ho.

Blir synlege

Trass i lite pengar til marknadsføring til dømes i Asia, ser ho at slike kåringar gjer at hotellet blir synleg for folk som elles ikkje har høyrt om Flåmsbana og Sogn.

– Det opnar ei ny verd når det gjeld overnatting, seier ho.

Ho meiner hotellet scorer høgt på atmosfæren og god service. Hotellet har heilårsope og denne vinteren vil truleg bli den beste nokon gong, trur Aksnes.

– Me er aktuelle både for toppturar og utanlandske reisande. Januar er som regel roleg, men februar blir den beste nokon gong, spår ho.

Fleire frå Luster

Luster er vidare godt representert på topp 25-lista over beste Bed & Breakfast og vertshus, både Nes gard, Bestebakken og Eplet Bed & Apple ligg i tetsjiktet.

Nettstaden har også kategorien for hotell for romantikk. Også her peikar Walaker Hotell seg ut, men det er romantisk både på Vatnahalsen Høyfjellshotell, Balestrand Hotel, Flåmsbrygga Hotell, Viki Fjordcamping og hytter, skal ein tru gjestekommentarane på tripadvisor.

I servicekategorien finn ein igjen Walaker Hotell, men også Tørvis Hotell og Vatnahalsen Høyfjellshotell.

– Gode produkt

For reiselivsaktørar er det viktig å vera synleg på nettet. Ole-Henrik Nitter Walaker meiner sognerepresentasjonen viser at verksemdene her har noko spesielt ved seg.

– Plasseringane viser at me har gode produkt her i Sogn. Når ein skal ta med seg sin betre halvdel og kosa seg på tur, sjekkar ein internett først, det er eit fantastisk verktøy, seier han.

Gjestekommentarar frå besøkjande frå heile verda gjer at hotella får tilbakemeldingar også frå folk frå heilt andre kulturar og forventingar enn nordeuropeiske.

– Då blir me enno meir på tå hev for om me strekker til i høve deira ynskje, seier han, og meiner at hotella i regionen skaper ringverknader for kvarandre.

– Det er ein fordel for oss at til dømes Tørvis driv godt, seier han.

Service viktig

Hotelleigaren er også medviten på at om ein får ein litt dårleg kommentar, vil denne gjesten vera hans viktigaste.

- Då har denne fortalt oss korleis me absolutt ikkje skal gjera det.

Og dei nøgde gjestene indikerer at hotellet gjer tilfredsstiller gjestene.

– Det viser oss at me skal halda fram slik me har gjort, satsa på service og ikkje masseturisme eller cruise, seier Nitter Walaker.