Jerv gjekk nesten Noreg på langs

Publisert 01.02.2015 kl. 00.01. Oppdatert kl. 09.04.

I mai 2013 vart hannjerven registrert i Tana i Finnmark.

Seinare har han vore på skikkeleg langtur, melder rovdata.no. I januar og april året etter var han heilt nede i kommunene Skjåk og Luster ved Sognefjorden.

Det tilsvarar ei vandring på 125 mil i luftlinje og er ny rekord.

– Dette er den lengste vandringa av en jerv me nokon gong har registrert. Den førre rekorden tilhøyrde ein hannjerv som la bak seg 80 mil i luftlinje frå Kiruna i Sverige til Alvdal i Hedmark, som i seg sjølv er imponerande langt. Han må no sjå seg grundig slått med 45 mil, seier Morten Kjørstad, leiar i Rovdata.

Vandringa er dokumentert gjennom innsamling og DNA-analyser av biologiske spor av jerv.


Les meir om: Siste Nytt Nyhende Luster