Elevar med farleg skuleveg

Politikarane kom på synfaring.

Publisert 28.01.2015 kl. 18.20. Oppdatert kl. 21.17.

For borna på Neshøgdi i Luster er det ingen spøk å koma seg på skulebussen. Dei må gå langs trafikkert veg og kryssa framfor ein lang sving.

No ber foreldra til dei snart tretti skuleborna om at arbeidet med ein gangtunnel blir starta opp, snøggast råd.

Synfaring

– Det er ikkje patent å sleppa sju-åtteåringar ut på ein hovudveg, vedgår ordførar Ivar Kvalen.

På onsdag var han og resten av formannskapet på synfaring for sjølve å gå den farlege skulevegen til elevane.

Les heile saka i Sogn Avis torsdag.


Les meir om: Siste Nytt Nyhende Luster