Har ikkje fått tak i nok vikarar

Dermed må fleire skular og barnehagar i Luster stengja under streiken onsdag.

Publisert 28.01.2015 kl. 12.29. Oppdatert kl. 13.23.

Det opplyser kommunen på sine nettsider, der dei listar opp kva for skular og barnehagar som vert råka og på kva slags måte.

Stengjer klokka 14

På Gaupne skule må elevane på mellomsteget gå heim klokka 14, og SFO må halda stengt frå same tidspunktet. På Indre Hafslo oppvekstsenter må elevane gå heim klokka 14, og SFO og barnehage er stengde. Gaupne barnehage må halda stengt frå klokka 14.

Foreldre og føresette til born i Gamlestova barnehage på Hafslo vert oppmoda om å henta borna sine klokka 14, dersom dei kan, grunna svært liten bemanning.

Her er heile lista over skular og barnehagar som vert råka.

Ikkje nok vikarar

– Leiarane i gjeldande skular, barnehagar og SFO  har vurdert ulike løysninger for å kunne halda drifta i gang slik at ikkje foreldre, føresette og borna skal bli ramma. Det har diverre ikke lukkast å skaffa nok vikarar til å kunne opprettholda ei forsvarleg drift under streiken, og me beklagar ulempene dette vil medføra, skriv kommunen på sine nettsider.

I Årdal blir barnehagane i Øvre Årdal stengde frå klokka 14, medan dei held ope på Årdalstangen.

– Dei prøvde å samla alle i ein barnehage i Øvre Årdal, men det gjekk ikkje då det var så mange som ville bli med på markeringa. Alle foreldre er varsla om dette, seier Olve Fossedal, rådmann i Årdal.

Blir ikkje råka

Sogn Avis har sjekka stoda i fleire av kommunane i Sogn. Dei fleste har funne ei løysing som gjer at borna i skule, barnehage og SFO ikkje blir råka av steiken.

– Me har frå dei tillitsvalde fått opplysning om at dei vil gjennomføra streiken på ein slik måte at det ikkje får konsekvensar for skule og barnehagar, seier rådmann Jostein Aanestad i Sogndal.

– Me har fått melding frå sentralt hald at streiken ikkje skal få konsekvensar for drift av helse- og omsorgstenester, legg han til.

– Eg har ikkje fått melding om at streiken får konsekvensar, seier rådmann i Leikanger, Odd Arve Rakstad.

– Etter dei tilbakemeldingane eg har fått, klarer me å handtera streiken utan å måtta stengja noko eller senda heim ungar her hos oss, seier rådmann Oddbjørn Ese i Vik.

– Eg har ikkje fått tilbakemelding om at noko vil bli stengt. Ved skulen går dei ikkje til streik før klokka 14.30, seier organisasjon- og personalleiar Reni Herland i Lærdal.

– Dei tilsette har gjeve beskjed til sine nærmaste overordna om dei vil delta på streiken, og eg har ikkje høyrt at det er noko som blir råka, seier rådmann Kjellaug Ekse Brekkhus i Balestrand.

– Me har oppmoda folk om å delta på streiken, men sagt at det er frivillig. Me vil ha ei markering på torget i Aurland, men det er ingen signal som tyder på at det er så mange som ynskjer å nytta seg av denne mogelegheita at det vil råka tenester på nokon måte, seier Halgeir Høydal, leiar og hovudtillitsvald i Fagforbundet i Aurland.

 

 

 

 


Les meir om: Siste Nytt Luster Ung