No er skulen kommunal

Luster kommune tok i går over den fylkeskommunale eigedomsmassen etter Luster vidaregåande skule.

Publisert 28.01.2015 kl. 21.12. Oppdatert kl. 21.19.

Luster kommune betaler 4,5 millionar kroner for det som inntil for to år sidan husa den vidaregåande skulen.

– Me har teke over heile eigedomen som har vore i fylkeskommunen sitt eige, seier ordførar Ivar Kvalen, som er letta og nøgd over at eigedomstilhøvet no er avklara.

– Fylkeskommunen blir også løyst frå kontrakten på Fellesbygget, seier ordføraren.

Full kontroll

Dermed har kommunen full kontroll med den sentrumsnære eigedomsmassen kloss ned til Hafslovatnet. Det var då heller ikkje vanskeleg for formannskapet å gje full tilslutning.

Dei folkevalde fann det også på sijn plass å rosa prosessen fram til den nemnde avtalen. I Luster har ein heile vegen ynskt ei gunstig avklaring på eigedomen.

Byggja

No sit kommunen med blanke ark og kan disponera konstruktivt i forhold til oppstart og gjennomføring når Hafslo barne- og ungdomsskule skal reisast nesten vegg i vegg.

– Totaliteten blir i vår regi no, seier ordføraren, og understrekar at det no handlar om å koma i gang med å byggja.


Les meir om: Siste Nytt Nyhende Luster

Siste saker Gå til framsida