Storstreik i Sogn

Mykje stoppar opp onsdag mellom 14.00 og 16.00.

Publisert 26.01.2015 kl. 18.54. Oppdatert kl. 11.34.

Alle forbund i LO vil gå ut i ein politisk streik 28. januar. I heile fylket vil det bli ulike arrangement fleire stader.

Det er timane mellom klokka 14.00 og 16.00 som er sett av til generalstreiken, og dei streikande vil delta i markeringar.

– Det er regjeringa sitt framlegg til ny arbeidsmiljølov me streikar mot, seier Øyvind Møller, fagleg ungdomssekretær i LO i Sogn og Fjordane.

To timar

Også samanslutningar av YS og UNIO, mellom anna Utdanningsforbundet og sjukepleiarforbundet, er med på streiken.

– Det er særleg framlegga som går på betre tilgang til mellombelse stillingar og lenging av arbeisdstida me reagerer spesielt på. Men framlegget om fjerning av den kollektive søksmålsretten er heller ikkje bra. Dette har vore eit viktig verkemiddel i arbeidet for å få vekk useriøse bedrifter og sosial dumping.

Stor oppslutnad

Møller ventar stor oppslutnad om aksjonen.

– Berre i Sogndal reknar eg med at mellom 500 og 600 personar vil møta opp.

I Sogndal vil blant andre Arne Johannessen og Jon Håkon Odd halda appellar.

Torget

Også leiar Jan Bent Høyum i LO Årdal reknar med god oppslutnad om streiken.

– Regjeringa prøver no å øydeleggja ei lov som fungerer. Men det er vel i deira ånd, dei har sjølv sagt at dei vil øydeleggja mest mogleg før dei blir kasta ut av kontora.

I Årdal blir det Hilmar Høl som skal halda appell. Det blir også musikkinnslag ved Ketil Thorbjørnsen og sal av vafler og kaffi.

I Vik startar aksjonen ved Vik bygde- og sjukeheim. Der blir det streikemarsj ned til rådhuset der det blir appellar frå UNIO, YS og LO.

Elles i Sogn vil det bli markeringar både i Høyanger, Lærdal og Aurland, med streikemarsj, appellar og utdeling av materiell.

Historikk

Noreg fekk si arbeidsmiljølov i 1977 som skulle sikra helse og tryggleik til tilsette i bedrifter. Føremålet med lova er det gode arbeidsmiljøet. Lova har vore endra ei rekkje gonger sidan den vart innført. For ti år sidan vedtok stortingsfleirtalet å erstatta arbeidsmiljølova med Eu si arbeidslivslov. Denne vart oppheva av det nye stortingsfleirtalet i 2005 og den gamle arbeidsmiljølova kom inn att på ny.