Uvisst kor lenge skulen blir stengd

Det er i høgste grad usikkert om Flåm skule kan takast i bruk att 1. august i år.

Publisert 25.01.2015 kl. 00.01.

I dei tre månadene som har gått sidan storflaumen i Flåmselvi, har 1. august 2015 vore datoen ein kunna ta i bruk Flåm skule att. Det er ikkje so sikkert lenger.

Brua teken

Vegutløysinga fram til skulen var tema på informasjonsmøtet onsdag. Som kjend vart brua over til skulen teken av flaumen, og spørsmåla som no må avklårast er om brua skal byggjast opp att, og kvar den skal plasserast.

For å tola ein 200-årsflaum, må brua flyttast mellom 50 og 60 meter nedstraums frå der ho låg tidlegare. Og før brua kan planleggjast, må det undersøkjast korleis grunnen er der fundamenta skal plasserast.

– Me kan ikkje risikera å plassera brufundamenta på leirgrunn. Difor må det grundige undersøkingar av grunnen til, seier Steve Elgåen i Aurland kommune.

Parallelt

På informasjonsmøtet onsdag kom det sterke oppmodingar om å byggja bilveg på vestsida av Flåmselvi heilt opp til Flåm skule. Om det er ein farbar veg å løysa vegproblematikken fram til skulen, er usikkert. Steve Elgåen fortel at det har vore diskutert framføring av ein gang- og sykkelveg på den sida i over 20 år.

– Det har ikkje lukkast å få til, og dei folkevalde har difor skrinlagt dei planane, seier Elgåen.

Betre fundament

– Skal det arbeidast med planar om veg på vestsida av elva no, må det eventuelt skje parallelt med planlegging av ny bru.

Dei to andre bruene på strekninga opp mot Flåm kyrkje vart også skadde under Flaumen. Skadane på Flåm bru er reparerte.

Nye Brekke bru blir sett opp at der den gamle brua stod. Den gamle brua kollapsa i flaumen fordi brufundamenta var undergravne. Det må difor byggjast sterkare fundament for brua.


Les meir om: Siste Nytt Nyhende Aurland