Molden Opp tildelt NM i motbakkeløp

Publisert 23.01.2015 kl. 16.43. Oppdatert kl. 16.59.

Styret i Norges Friidrettsforbund har tildelt IL Bjørn og Molden Opp NM i motbakkeløp for 2016, opplyser Narve Heggheim, leiar i friidrettsforbundet i Sogn og Fjordane.

Molden Opp har gjennomført to arrangement i norgescupen i motbakkeløp tidlegare år.

– No er det kome i boks, og det er første gong me arrangerer NM, seier ein glad løpsleiar for Molden Opp, John Ingar Bukve.

Så mykje endringar blir det ikkje for arrangementet som har gått ein del år.

– Det er mest i konkurranseklassen det blir endringar. Men først får me ta motbakkeløpet i 2015, så får me ha NM i 2016 i tankane, seier Bukve.

 


Les meir om: Siste Nytt Sport Luster