Rekordlåge forventingar i næringslivet

Den nye utgåva av næringsbarometeret for Sogn og Fjordane vert presentert fredag. Her kan du følgja presentasjonen direkte.

Publisert 23.01.2015 kl. 09.25. Oppdatert kl. 09.48.

Næringsbarometeret viser at forventingane i fylket held fram med å falla. Men biletet er ikkje heilt eintydig. Svakare kronekurs gir lysare utsikter for eksport og reiseliv, heiter det på nettsidene til fylkeskommunen.

– Vitamininnsprøyting

Tala for hausten 2014 syner dei lågaste forventingane til det komande året sidan Næringsbarometeret starta målingane i 2007. Sidan hausten 2013 har den samla indeksen falle med seks poeng. Det er særleg forventingane til investeringar som trekkjer ned.

– Jamt over er det likevel ikkje grunn til å la svartsynet ta overhand. Sjølv om barometeret viser at kultur, reiseliv og oppleving er einaste næring som rapporterer om betre forventningar, vil utviklinga me har sett i kronekurs, oljepris og nedskjeringar i oljebransjen dei siste månadene kunne vera ei vitamininnsprøyting for andre næringar i fylket, seier administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, Arvid Andenæs.

Næringsbarometeret kan du følgja her på web-tv frå klokka 10.

Uro i oljenæringa

Fallet i oljeinvesteringar, oljeprisen og negativ merksemd i media det siste halvåret har vore med på å senka forventingane til vekst i 2015. Tidlegare har verksemder som leverer til oljenæringa hatt høgare forventingar til framtidig vekst enn selskap utan petroleumsrelatert omsetnad. I år er situasjonen snudd.

Næringslivet i Sogn og Fjordane står likevel sterkare rusta mot svingingane i oljenæringa enn nabofylket Hordaland, der fleire verksemder er knytte til petroleumsindustrien, vert det påpeikt.

Auka eksport

På den positive sida kan lågare oljepris gjera konkurransesituasjonen betre for eksportverksemdene, ved å bidra til ei svakare krone. Tala frå Næringsbarometeret viser at eksporten ligg an til å auka også i 2015.

40 prosent av verksemdene ventar auka eksport, medan ni prosent ventar reduksjon. Det er om lag same resultat som i fjor.

Bygg og anlegg

Medan forventingane samla sett går ned i Sogn og Fjordane, er det store skilnader mellom næringane. Dei mest konjunkturutsette næringane er dei mest nøkterne. Bygg- og anleggsbransjen har dei lågaste forventingane til 2015. Det er også den næringa med størst nedgang i forventingane.

Også innan industri og transport/engros er verksemdene mindre optimistiske. Likevel er det eit robust fleirtal i desse to næringane som trur at 2015 blir eit betre år enn 2014, heiter det på nettsidene til fylkeskommunen.

Fall i varehandelen

Forventingane innan varehandel og privat tenesteyting er no lågare enn dei var under finanskrisa. Dette går på tvers av korleis næringa nasjonalt opplever framtidsutsiktene.

Ifølgje SSB har varehandelen i Sogn og Fjordane hatt svært låg vekst dei siste åra samanlikna med resten landet.

Motstraums reiseliv

Ei av dei få næringane som skil seg positivt ut, er kultur, reiseliv og oppleving, der forventingsindeksen aukar. Dette er i tråd med forventingane i næringa nasjonalt.

NHO sitt økonomibarometer for tredje kvartal viste sterk framtidstru i den norske reiselivsnæringa. Lågare kronekurs er truleg noko av årsaka, og sterk vekst i sommarsesongen i fjor kan òg ha medverka til at næringa ser lyst på 2015.

Næringsbarometeret

Næringsbarometeret byggjer på ei bedriftsundersøking, gjennomført av ideas2evidence for Næringsbarometeret i oktober 2014. I tillegg er analysane baserte på statistikk og intervju.

Næringsbarometeret er eit samarbeidsprosjekt mellom Innovasjon Norge, NAV, NHO, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Sparebanken Sogn og Fjordane.